Skinnarland-
samlinga
Skinnarlandsamlinga har meir enn 100 arbeid av Knut Skinnarland (1909-1993) i form av skulpturar, teikningar og grafikk. Museet syner og ein kopi av atelieret hans i Rauland. I tillegg er det kvart år nye sær- og salsutstillingar.
Dyre Vaa-samlingane
Samlingane presenterer eit mangfald av skulpturar, maleri, grafikk og teikningar av bilethoggaren Dyre Vaa.
Vinjesenteret
Vinjesenteret er eit nasjonalt senter for dikting og journalistikk med utgangspunkt i journalisten og diktaren Aasmund Olavsson Vinje og diktarane Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Halldis Moren Vesaas.
Raulands-
akademiet
Kurs- og aktivitetssenter på Rauland med overnattingsmoglegheiter og ulike kurstilbod heile året.
Barnas seter
Seter med husdyr på Vierli.
Fagersand
Sandstrand ved Austbø Hotell.
Telemarkstunet
Gårdstun med samling av kopiar av gamle hus frå Rauland, som blei sett opp som eit tun på 1990-talet.
Vidsyn
Besøk den mystiske skulpturen på Vierlitoppen.
Myllargutvegen
Tanken om å laga Myllargutvegen er at mykje av Myllarguten sitt liv er knytt til desse bygdene der denne vegen fer igjennom.
Falkeriset
Flott tur for heile familien med panoramautsikt mot Hardangervidda.